Norske dialektar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noreg skil seg ut frå grannalandi Sverige og Danmark og mange andre land i og med at det ikkje finst noko normert talemål. Det finst ikkje nokon standard for korrekt talemål, og dei fleste nyttar sine eigne dialektar. Sjå likevel standard austnorsk under.
Innhaldsliste |
[endre] Hovudinndeling
I fyrste omgang kan ein skilja mellom austnorsk og vestnorsk; der austnorsk er dei målføri jamvektslovi har verka, d.v.s. austlandsk og trøndsk. Båe desse målområdi har kløyvt infinitiv. Austlandsk har -e i infinitiv av overvektsord og -a av jamvektsord, medan trøndsk har apokope av overvektsord og -a av jamvektsord. Vestnorsk kan på si side delast i vestlandsk og nordnorsk. Vestlandske målføre har anten -a eller -e i infinitiv, men aldri kløyvt infinitiv. Nordnorsk har stort sett apokope, d.v.s. ingi ending i infinitiv. Nokre målføre på Helgeland har klare austnorske trekk som kløyvd infinitiv (ranværing) og tjukk l. Desse målområdi kan delast ytterlegare inn i austlandsk, vestlandsk, trøndsk og nord-norsk på grunnlag av m.a. bunden artikkel av hokjønnsord i eintal og inkjekjønnsord i fleirtal.
[endre] Austlandsk
I dei ytre delane av Austlandet talar ein vikværsk og på flatbygdene lenger nord talar ein opplandsk. I desse målføri er -a vanlegast (t.d. bygda og husa). I fjellbygdene i Vest-Telemark, Hallingdal og Gudbrandsdalen er -e/i nytta (t.d. bygdė og husė); såkalla midlandsk. Om lag det skiljet finn ein mellom det personlege pronomen i 1. pers. sg. - je(i) på flatbygdene, og e(g) i fjellbygdene.
[endre] Vestlandsk
Dei vestlandske målføri syner større variasjon når det gjeld den bundne artikkelen. På Sør-Vestlandet finn ein -o/å, (t.d. bygdå og huså), lenger nord finn ein -i (Indre Sogn), og enno lengre nord finn ein -a. Bergen bymål skil seg ut ved at det ikkje skil mellom hankjønn og hokjønn. Over heile det vestlandske målområdet dominerer formi e(g) som personleg pronomen. Men sunnmørsk har ei og romsdalsk har i for eg. Langs kysten frå Sørlandet til Stavanger finn ein vokalane b, d og g for p, t og k mellom vokalar eller i slutten av ord, (t.d. bog og håb for bok og håp). Dei siste hundre åri har såkalla skarre-r spreitt seg frå Bergen, Stavanger og Ullensvang til store delar av den sørlege delen av Vestlandet.
[endre] Trøndsk
Trøndske målføre (som òg omfattar Nordmøre, Bindalen på Helgeland og Frostviken lengst nordvest i Jämtland) har stort sett -a som bunden artikkel av hokjønn eintal og inkjekjønn fleirtal.
[endre] Nordnorsk
Nordnorske målføre har stort sett -a som bunden artikkel i sterke og linne hokjønnsord, men -o/å førekjem òg i linne hokjønnsord på Helgeland og i Salta. Ulike variantar av e(g) er nytta i båe desse områdi.
[endre] Standard austnorsk
Sokalla standard austnorsk er eit dansk-norsk språk som vert tala av ein stor og veksande minoritet i Noreg, serleg den urbane middel- og overklassen på Austlandet. Språkhistorisk sett er det ikkje ein norsk dialekt, men eit koinéspråk og ein sosiolekt. Det er so å seia samanfallande med leseuttale av Bokmål.
[endre] Andre målmerke
Sume målmerke går på tvers av denne inndelingi. Det gjeld framfor alt palatalisering. Palatalisering er utbreidd over det nordlege Austlandet (Oppland og Hedmark), det nordlege Vestlandet (Nordfjord og Møre og Romsdal), Trøndelag og Nord-Noreg (unnateke Aust-Finnmark).
Relativt mange målføre kan oppvisa mange restar av grammatiske kategoriar som er gjengne or skriftspråket, t.d. kasusbøying av substantiv og numerus- og modusbøying av verb.
Det kan òg argumenterast for at alle dei nordiske språki (norsk, dansk og svensk) er eitt språk. Det sterkaste argumentet for dette er at det ikkje er nokre skarpe grensor mellom dei. Målføri langs dei politiske grensone gjeng gradvis over i einannan, og heile det nordiske språkområdet med unnatak av samisk og finsk er eitt dialektkontinuum.