Norske Samers Riksforbund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norske Samers Riksforbund (fork. NSR, sam. Norgga Sámiid Riikkasearvi) er den største samiske organisasjonen i Noreg. Organisasjonen stiller vallister ved Sametingsval og har lenge samarbeidd med Samefolkets parti og Samepolitisk Råd i Senterpartiet politisk.
NSR vart grunnlagt i 1968 som eit samband av dei lokale sameforeiningane i Finnmark og Oslo Sámiid Searvi. NSR stod sentralt i Alta-Kautokeino-aksjonen, og alle dei tre presidentane til det norske Sametinget til no (Ole Henrik Magga, Sven-Roald Nystø og Aili Keskitalo) har komme frå NSR.
[endre] Eksterne lenkjer
Denne artikkelen med samisk tema er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samiske spirer. |