Nymfe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg nymfestadiet
Ei nymfe var ein vakker kvinneleg skapning i gresk mytologi, ei naturånd som ofte tilhøyrde ein særskilt del av naturen. Gjennom seinare europeisk dikting og klisjéskaping blei «nymfe» eit anna ord for ei vakker kvinne.
Særskilde nymfer kunne bli tilbedne som ein lokal guddom. Andre har plass i mytologien som følgesvenner til gudane, eller som deltakarar i legender. Ein kunne dela inn nymfer i kvar dei høyrde til, til dømes najader, vassnymfer, dryader, trenymfer, og oreader, fjellnymfer.
Nymfer blei gjerne skildra som ville og galne, og hadde mange eventyr med menn. Gjennom dette har dei gjeve opphav til omgrepet nymfomani.