Natur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Med natur meiner me gjerne noko som er i verda som ikkje er skapt av menneske. Det kan bli brukt som motsetjing til kultur eller til den andelege verda. Ordet kjem frå latin natura, som tyder 'fødsel'. Det blei opphavleg brukt om eigenskapane som var medfødde i kvar ein person eller nedfelte i kvar ein ting, men i dag blir omgrepet natur helst brukt om den utemma verda rundt oss.
Dei valdsame kreftene som styrer jord og hav, liv og klima, blir gjerne kalla for naturkrefter. I mange samfunn har ein frykta desse kreftene og sett på dei som vondskapsfulle eller likegyldige. Først i nyare tid, med den romantiske kulturretningen, tok ein til å akta og elska naturen.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |