Olav V av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
H.M. Kong Olav V (2. juli 1903–17. januar 1991) var Noregs konge frå 1957 til 1991. Han var døypt Alexander Edward Christian Frederik, men fekk namnet Olav då far hans, Haakon VII, vart norsk konge i 1905. Mor til Olav var dronning Maud. Olav V vart ikkje krona i Nidarosdomen, av di Stortinget hadde avskaffa kroninga — istaden vart kongen signa der.
Han gifta seg den 21. mars 1929 i Vår Frelsers kirke (i dag Oslo domkyrkje) med syskenbarnet sitt, Märtha Sophie Louise Bernadotte.
Saman fekk dei tre born:
- Prinsesse Ragnhild, gift fru Lorentzen
- Prinsesse Astrid, gift fru Ferner
- Prins Harald, den seinare kong Harald V
[endre] Bakgrunnsstoff
Føregjengar: Haakon VII |
Konge i Noreg |
Etterfylgjar: Harald V |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |