Ormen Lange
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ormen Lange var eit vidgjete vikingskip eller langskip som kong Olav Tryggvason av Noreg åtte. Det var ein flott busse som kan ha vore opptil femti meter langt, og var eitt av dei største vikingskipa me veit om. Det hadde 34 sesser, eller seterekker til roarar, og trengte to eller kanskje tre mann til kvar åre. Skipet vart bygd i år 996 eller 997 ved Ladehammaren i Trondheim. Som kongeskip hadde det eit drakehovud i stavna og ein drakehale bak. Namnet Ormen Lange kan ha kome av Midgardsormen, ein orm i norrøn gudelære.
Ormen Lange skal ha vore bygd etter modell av eit anna skip, eit vakkert drakeskip kalla Ormen som seinare vart kalla Ormen Skamme, eller Ormen Korte. Dette var eit skip på 30 rom som tilhøyrde Raud den Rame i Salten heilt til Olav Trygvasson drap han og tok skipet.
Sidan Ormen Lange var større enn andre skip, med ei høgd frå kjøl til reling som kan ha vore opptil fire meter, gav det store fordelar i strid. Likevel vart skipet teke under slaget ved Svolder, då kongen blei overrumpla av danekongen, sveakongen og norske Eirik Jarl. Då Olav Tryggvason blei skadd måtte han rømma skipet, og drukna truleg i sjøen. Eirik Jarl tok skipet som hærfang, men fekk lita glede av det. Ormen Lange var stygt skadd, og det ville truleg vorte for dyrt å setja skipet i stand og halda det. Det vart lagt i opplag og kanskje brent til slutt.
[endre] Ettermæle
Ormen Lange vart likevel ikkje gløymt. Det hadde vore vidkjent i samtida si, og fortsette å bli nemnt i soger og songar. Ein av desse er det færøyske kvadet Ormurin Langi, om slaget ved Svolder på til saman 86 vers. Dei fyrste 13 versa vart omsett til norsk av Per Sivle (1857–1904), og vart prenta i avisa Fedraheimen i april 1885.
Ormen Lange har òg gjeve namn til eit gassfelt i Norskehavet.
[endre] Les meir på Verdsveven
[endre] Les òg
- Det færøyske kvadet Ormurin Langi