Ossiacher See
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ossiacher See | |
---|---|
Stad | Kärnten i Austerrike |
Koordinatar | |
Tilsig | Tiebel |
Utsig | Seebach |
Tilknytta land | Austerrike |
Største lengd | 11 km |
Største breidd | 1,7 km |
Overflateareal | 10,5 km² |
Største djup | 52 m |
Høgd over havet | 501 m |
Busetnadar | Annenheim, Sattendorf, Bodensdorf, Steindorf, Ossiach |
Ossiacher See er ein innsjø nær den austerikske byen Villach, og ein av dei sørlegaste i Austerrike. Han er den tredje største innsjøen i delstaten Kärnten etter Wörthersee og Millstätter See.
Det er fem større byar og landsbyar rundt innsjøen, og alle er avhengig av turisme om sommaren: Annenheim, Sattendorf, Bodensdorf, Steindorf og Ossiach. Ossiach er kjend for ein klassisk musikkfestival som vert halde her kvart år i juli-august.