Påskelys
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit påskelys er eit stort vokslys, eller i moderne tid eit stearinlys, som vert bruka i kyrkjer. Det er vanleg både i katolske og protestantiske kyrkjer. Lyset symboliserer Jesus Kristus, som kalte seg «verdas lys».
Dåpslyset er kvitt og dekorert, gjerne med kristogram, bokstavane alfa og omega og årstal.
Etter alminneleg katolsk tradisjon skal kyrkja ta eit nytt påskelys i bruk kvart år. Dette nye lyset vert tent under under påskevaka, eller påskevigila som denne messa òg vert kalla. Dei tenner lyset utanfor kyrkja og ber det inn i prosesjon i ei mørklagd kyrkje. I dei kyrkjene som ikkje feirer vigilia, vert det første gongen tent på påskedag.
I mange kyrkjer vel dei å bruke påskelyset i fleire år, til det er nedbrent.
Elles i året vert påskelyset tent under dåp, i somme kyrkjesamfunn òg ved gravferd, ved at eld vert henta frå alterlysa ved innleiinga av seremonien. Elles kan påskelyset brenne ved kvar gudsteneste i påsketida, det vil seie frå påskenatt til og med Kristi himmelfartsdag.