Palermo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palermo er ein italiensk by på øya Sicilia. Palermo har kring 720 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd av fønikarane, og var fønikisk heilt til den første punarkrigen i (264-241 f.Kr.), då Sicilia vart erobra av romarane.
På 800-talet, då muslimar invaderte Nord-Afrika, erobra dei Palermo i 831 og heile øya i 965. Det var muslimane som flytta Sicilia sin hovudstad frå Siracusa til Palermo, og sidan har byen vore rekna som hovudstad på øya. I den muslimske tida var Palermo ein viktig handelsby. Det skal ha vore meir enn 300 moskear der, og byen var kjend i hele den arabiske verda. Det var ei blømande og tolerant tid. Kristne og jødar vart ikkje forfylgde.
Byen blømde òg under normannarane under Fredrik II (1194-1250), som visste å gjera seg nytte av kulturarven fra både arabarane, grekarane og romarane.
Palermo har òg eit fotballag, US Città di Palermo, som spelar i Serie A.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |