Paulo Wanchope
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paulo César Wanchope Watson, fødd 31. juli 1976 i Heredia, er ein costaricansk fotballspelar, som for tida spelar for Club Sport Herediano i Costa Rica. Pr. 5. juni 2006 er han den som har scora flest landslagsmål gjennom tidene for Costa Rica - 43 mål på 67 landskampar.
I ungdommen spelte Wanchope og basketball, men fotball vart til slutt viktigast. Han starta fotballkarrieren sin hjå Club Sport Herediano før han reiste til England for å spela for Derby County i 1997. Der scora han i debuten, mot Manchester United. Etter 79 kampar og 28 mål for Derby County vart Wanchope seld til West Ham United. Han vart aldri ein stor suksess i West Ham, trass i å ha scora 15 mål på 46 kampar, og vart til slutt seld vidare til Manchester City. Der vart han fast på laget og var med på å føra laget til opprykk til Premier League. Wanchope vart i England rekna som ein spanande spelar som likevel vart litt av ein skuffelse grunna for ujamne opptredenar.
Etter 2003/04-sesongen vart Wanchope seld til den spanske klubben Málaga CF for £500,000.
Wanchope har vore enormt viktig for Costa Rica sitt fotballandslag. Han spelte for laget i fotball-VM 2002 og fleire gonger i CONCACAF gold cup. 8. oktober 2005 vart Wanchope mest-scorande nokonsinne for Los Ticos, då han scora det første målet i ein heimesiger over USA i kvalifiseringa til fotball-VM 2006. Han er den mest kjende costaricanske fotballspelaren internasjonalt gjennom tidene. Etter fotball-VM 2006, der han igjen vert ein nøkkelspelar for Costa Rica, har han sagt at han vil leggja opp landslagskarrieren sin.
[endre] Eksterne kjelder
Paulo Wanchope si heimeside på spansk.