Petroleumstilsynet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petroleumstilsynet er eit norsk statleg tilsynsorgan som er lagt inn under Arbeids- og sosialdepartementet. Petroleumstilsynet har ansvar for tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø innan petroleumsverksemd i Noreg. Tilsynet har hovudkontor på Ullandhaug i Stavanger, saman med Oljedirektoratet. 1. januar 2004 vart Petroleumstilsynet skild ut frå Oljedirektoratet, og vart då etablert som eit sjølvstendig tilsynsorgan.
I tillegg til verksemda som går føre seg på norsk kontinentalsokkel har Petroleumstilsynet fått ansvar for tilsyn med petroleumsanlegg på land. Ansvaret gjeld petroleumsanlegga og røyrleidningssystema på Kårstø, Kollsnes, Stura, Tjeldbergodden, Mongstad, Melkøya og Slagentangen. Meininga er at nye integrerte petroleumsanlegg i framtida skal bli lagt inn under tilsvarande tilsyn.