Polyfoni
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polyfoni (frå gresk «fleirklang») er ein type musikalsk satsteknikk, kor det finst fleire stemmar, og alle stemmane er likeverdige. Polyfone musikkstykke er svært horisontale, og enkeltstemmane søkjer etter sjølstende på ein slik måte, at dei på same tid gjerne har ulike rytmar og melodiske røyrsler.
Polyfonisk musikk hadde høgdepunktet sitt i renessansen og barokken, men er òg gjenoppliva i samtidsmusikken. Ei kjent musikalsk form som byggjer på polyfoni, er fugen.