Fuge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein fuge er eit kontrapunktisk musikkstykke i minst to uavhengige stemmer. Stykket tek til ved at ein av stemmane speler eit kort tema åleine. Så tek ein annan stemme opp temaet, medan den første speler eit kontrapunktisk akkompagnement. På same vis kan fleire stemmar koma inn, ein etter ein, og fugen utvikler seg ved at alle stemmane tek opp materialet på ulikt vis.
Namnet fuge kjem frå italiensk fuga som tyder 'flukt'. Det finst variantar som fughetta (ein liten fuge) og fugato (eit fugeaktig verk som ikkje nødvendigvis følger alle reglane).
![]() |
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |