Wikipedia:Prosjekt taksonomi/Bruk av taksoboksen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvar artikkel om ein art eller grupper av artar bør ha ein taksoboks som viser den vitskaplege klassifiseringa. Denne kan du laga ved å kopiera linjene som står under og følga instruksjonane. Du kan òg kopiera ein taksoboks frå ein artikkel der han er i bruk og erstatta som det trengst.
[endre] Taksoboks for ein art
Fyll ut kvart spørsmålsteikn med informasjon. Plukk ut og lim inn dei delane du treng. Har du ikkje bilete, tek du vekk linjene «filnamn», «biletstorleik», «omtale av bilete 1» og «omtale av bilete 2». Høyrer det til dømes ikkje med nokon underorden, let du vera å ta med linja «underorden». Dersom artikkelnamnet er det same som det som skal stå på linja «namn», kan du fjerne denne linja. Slik gjer du med andre linjer du heller ikkje vil ha med. Det er berre å fjerna heile linja.
{{Taksoboks2| namn = | status = | filnamn = | biletstorleik = | omtale av bilete 1 = | omtale av bilete 2 = | domene = | rike = | rekke = | underrekke = | klasse = | overorden = | orden = | familie = | underfamilie = | slekt = | art = | vitskapleg namn = | etter klassifiseringa til = | }}
[endre] Taksoboks for ei høgare gruppe
Bruk taksoboksen på same måte som skildra over, og tak ut dei linjene du ikkje treng. I «underliste» skriv du først kva for underliste det er snakk om, til dømes «Underfamiliar», og i «underliste innhald», skriv du det som skal stå under overskrifta.
{{Taksoboks2| namn = | status = | filnamn = | biletstorleik = | omtale av bilete 1 = | omtale av bilete 2 = | domene = | rike = | rekke = | underrekke = | klasse = | overorden = | orden = | familie = | slekt = | underliste = | underliste innhald = | }}