Wikipedia:Taksoboks
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein taksoboks er ein tabell som skal finnast i kvar artikkel om biologiske artar og artsgrupper, og inneheld informasjon om den vitskaplege klassifiseringa av desse.
Boksen er delt opp i ulike delar.
- Toppen inneheld eit vanleg namn for arten eller gruppa.
- Deretter kjem gjerne eit bilete av eit typisk eksemplar.
- Ei vitskapleg klassifisering som startar med riket det tilhøyrer og fortset ned til nivået det er snakk om.
- For ein art, det vitskaplege namnet
- For ei gruppe, ei liste over artar eller undergrupper som tilhøyrer henne
Vanlegvis bruker ein «latinske» og ikkje norske namn til klassifiseringa, ettersom det ikkje finst norske namn for alle nivåa.
Døme
|