Queens
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå Queen for det britiske rockebandet.
|
||
Queens er ein bydel i New York. Bydelen har samanfallende grenser med fylket Queens County i delstaten New York.
Med eit totalareal på 461,7 km² er Queens er den største av dei fem bydelane i New York City. Den har eit folketal på 2 229 379 (2000).
Queens er eit lappeteppe av mange unike nabolag, kvart med sin eigen tydelege identitet. Astoria, i nordvest, er tradisjonelt heimen til den største greske folkesetnaden utanfor Hellas, samt ein aukande andel unge yrkespersonar frå Manhattan. Long Island City, i sørvest, er eit stort fabrikk- og næringsområde. Jackson Heights, Elmhurst og Corona utgjer ei stor blanding av søramerikanske og søraustasiatiske koloniar. Flushing, nord i den midterste delen av bydelen, er eit stort kommersielt samlingspunkt for kinesiske og koreanske forretningar. Richmond Hill, i sør, har den største folkesetnaden av indiske sikhar utenfor India. Forest Hills og Kew Gardens, i sentrale Queens, har tradisjonelt store jødiske folkesetnader, medan Jamaica er eit stort forretnings- og transportsentrum for bydelen, men òg heimen til store afro-amerikanske og karibiske folkesetnader. Saman utgjer desse nabolaga det mest mangfaldige fylket i USA.