Rørosbanen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rørosbanen er ein 431 km lang jarnbane som går mellom Hamar og Trondheim via Østerdalen. Rørosbanen vart bygd i perioden 1862 – 1877 og vart offisielt opna den 13. oktober 1877. Dette gjer han til den eldste jarnbanen som bitt saman to landsdelar (stambane) i Noreg.
Linja er er tilknytt Meråkerbanen, Dovrebanen og Solørbanen. Det høgaste punktet er 670 moh., ved Harborg (mellom Glåmos og Rugeldalen), noko som ikkje er spesielt høgt til ein stambane å vera. Jarnbanelinja er ikkje elektrifisert. I utgangspunktet vart ho bygd som ei smalspora jarnbane med 1 067 mm. sporvidde. Jarnbanane i dag har ei sporvidde på 1 435 mm., og det var ikkje før ombygginga i perioden 1917–1941 at Rørosbanen også gjkk over til normalspor.
Den 4. januar 2000 kolliderte to tog ved Åsta på denne linja, og 19 menneskeliv gjekk tapt. Sjå Åsta-ulykka.
[endre] På verdsveven
- Informasjonsside om Rørosbanen (Jernbaneverket)