Reimegrend
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reimegrend er ein stad i Raundalen aust for Voss i Hordaland fylke. Reime, som staden òg vert kalla, er òg ein stasjon langs Bergensbanen. For tida er det berre lokaltoget frå Voss som stoggar der. Staden har ein liten landhandel, i tillegg til eit skitrekk som er ope i påsketider. Det ligg mange hytter i området, sjølv om det meste av hyttebygginga dei siste tiåra har skjedd ved Mjølfjell litt lenger aust i dalstroket.