Voss
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1235 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Vossevangen |
Flatevidd: | 1 815 km² |
Folketal: | 13 830 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.voss.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Bjørn Christensen (Ap) 2003-2007 |
Voss er ein kommune i Hordaland fylke. Voss kommune ligg i indre del av Hordaland og grensar i vest til Vaksdal kommune, i sør til Kvam herad og Granvin herad, i aust til Ulvik herad, og i nord til Aurland kommune og Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964 då dei tidlegare kommunane Voss, Vossestrand og Evanger vart slegne saman.
Ein person frå Voss vert kalla ein vossing (i eldre tid ein voss (m), ei vossa (f)), fleirtal vesser.
Kommunesenteret Vossevangen ligg ved austenden av Vangsvatnet. Det aller meste av dette vart lagt i grus av tyske bomber 24.-26. april 1940.
Voss er ein fin stad for skigåing, og bygda har fostra mange kjende skiløparar. Nord for Vossevangen ligg skiområda med Voss fjellheisar. Dei seinare åra er det også bygd skitrekk og skiløyper i Myrkdalen, vel 2 mil frå kommunesenteret i samband med utbygginga av Voss Fjellandsby.
I Voss kommune ligg Bømoen, ein norsk militærleir. I fleire år har Bømoen vore vintertreningssenter for NATO. Tvildemoen er ein tidlegare militærleir som etter at Forsvaret avslutta verksemda si her, er teken i bruk til industri- og bustadføremål.
Ein song om Voss er «På Vossevangen der vil eg bu».
Vossebygda sin eigen song er Vossasongen, tonesett av Torgeir Raugstad med tekst av Lars Eskeland.
Ein særeigen folkedans frå Voss er vossarull (på dialekt «vossarodl») dansa til musikk av hardingfele.
Innhaldsliste |
[endre] Lokalavis og -radio
Avisa «Hordaland» som kjem ut på Voss tre gonger i veka, er lokalavis for Voss og grannebygdene. Nærradioen «Radio Folgefonn» som opprinneleg starta lokalsendingar i Hardanger, har no òg sendingar som dekkjer større deler av Vossebygda.
[endre] Festivalar og tilskipingar på Voss
I palmehelga kvart år vert jazzfestivalen Vossajazz skipa til. Ekstremsportveko finn stad kvart år i juni, og samme månad vert Noreg si største fotballturnering for born under 12 år, Voss Cup, skipa til. I august går den årlege Voss Blues and Roots festival av stabelen, og neste månad står Skjervheimseminaret for tur. Smalahovesleppet finn stad første helga i oktober kvart år, og i slutten av månaden vert folkemusikkfestivalen Osafestivalen halden. I romjula skipar Vossajazz årvisst til Jolajazz.
[endre] Kommunikasjon
Jarnbanen Bergensbanen går gjennom kommunen og har stoppestad på Vossevangen. Vegane Europaveg 16 og Riksveg 13 går gjennom kommunen med bussruter mellom Aust- og Vestlandet og frå Sørlandet og nordetter. Der er kortbaneflyplass på Bømoen, men ingen regulære flyruter.
[endre] Næringsvegar
Voss var frå gamalt av ein jordbrukskommune og er enno den største av dette slaget i Hordaland. Det vert særleg drive husdyrhald (kyr og sauer). Fram til etter den andre verdskrigen vart det drive ei utstrekt stølsdrift i kommunen, men dette er det svært lite att av no. Det vert også drive ein del skogsdrift. Utetter siste halvdel av 1800-talet byrja det å koma turistar til bygda, og det vart bygt hotell. Særleg skaut dette fart etter at jarnvegen mellom Bergen og Voss (Vossebanen) stod ferdig i 1883. Seinare er bygda vorte eit av dei større turistsentra i landet. Det er bygt ei rekkje hotell, gjesteheimar, campingplassar og andre overnattingstilbod, og i tillegg til dette ei rekkje aktivitetstilbod for tilreisande, så som riding, kanopadling, golf, sportsfiske, gardsopphald, fallskjermhopping, hanggliding, paragliding og mangt anna. Der er ingen store industriverksemder i kommunen, men ei rekkje mindre, t.d. meieri, mekanisk industri, trevareindustri sementvarefabrikk og foredling av kjøt.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjende personar frå Voss
- Brynjulf Bergslien, (1830-1898) bilethoggar
- Knut Bergslien, (1827-1908) kunstmålar
- Nils Bergslien, (1853-1924)kunstmålar
- Ingvild Bryn, nyhendeanker i NRK Dagsrevyen
- Sjur Bygd, (1889-1985) forfattar
- Lars Bystøl, skihoppar
- Magnus Dagestad, (1865-1957) kunsthandverkar
- Hans Engelsen Eide, fristilutøvar (kulekøyring)
- Lars Eskeland, (1867-1942) folkehøgskulestyrar (frå Stord, levde på Voss det meste av sitt vaksne liv)
- Anne Elisabeth Elvebakk, verdsmeister i skiskyting
- Gisle Fenne, skiskyttar
- Egil Gjelland, verds- og olympisk meister i skiskyting
- Gonoreagan, pønkeband
- Sjur Helgeland, (1858-1924) komponist og spelemann på hardingfele
- Arne Hjeltnes, programleiar på TV 2
- Jon Istad, skyttarkonge og verdsmeister i skiskyting
- Eirik Kvalfoss, verds- og olympisk meister i skiskyting)
- Gro Marit Istad Kristiansen, verdsmeister i skiskyting
- Odd Lirhus, skiskyttar og landslagstrenar
- Ola Mosafinn, (1828-1912) spelemann på hardingfele.
- Knute Nelson, (1842-1923) senator for Minnesota (1895-1923)
- Sigbjørn Bernhoft Osa, (1910-1990) fiolinist og spelemann på hardingfele
- Knute Rockne, (1888-1931) trenar i amerikansk fotball
- Per Sivle, (1857-1904) forfattar (fødd i Flåm)
- Gudmund Skjeldal, skiløpar
- Kristen Skjeldal, skiløpar
- Hans Skjervheim, (1926-1999) filosof
- Lars Skjervheim spelemann på hardingfele
- Kari Traa, verds- og olympisk meister i fristil (kulekøyring)
- Lars Tvinde, (1886-1973) skodespelar.
- Astrid Lødemel, alpinist
- Jan Einar Thorsen, alpinist
|