Rolf Groven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rolf Dagfinn Groven (f. 11. mars 1943) er ein norsk biletkunstnar frå Fræna i Møre og Romsdal. Han er utdanna innan byplanlegging, arkitektur og kunst. Groven fekk eit gjennombrot som kunstnar med biletet Rolv Wesenlund og Mona Lisa Sjå biletet i 1971. Biletet [Atomgutten] frå 1977 vart nytta i mange land i høve den politiske kampen mot satsing på atomkraftverk.
Mange av bileta bærer preg av eit politisk standpunkt på venstresida i norsk politikk. Til tider har det vore mykje ordskifte knytt til bileta hans. Fleire gonger har Groven sine bilete vorte refusert av Haustutstillinga.
I dei politiske satirebileta kan det mellom anna sporast nokre hovudpunkt:
- Motstand mot mellom anna Vietnamkrigen og andre krigar. Sjå Groven sitt nettgalleri "Krig fred fattig rik"
- Motstand mot norsk medlemskap i den europeiske union EU. I tillegg motstand mot norsk distriktspolitikk. Sjå Groven sitt nettgalleri "Forfall og fraflytting EEC-EF-EU"
- Groven er positiv til miljøvernrørsla, f.eks. «Oljemaleri» (1975) og «Bruer og ferge», som begge er mala fritt etter Adolph Tidemand og Hans Gudes «Brudeferd i Hardanger», og «Alta» (1980). Sjå Groven sitt nettgalleri "Natur Miljø"