Ruholla Khomeini
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ayatollah Seyyed Ruhollah Khomeini (آیتالله روحالله خمینی på persisk) (17. mai 1900–3. juni 1989) var ein Iransk shia-prest, og den politiske og andelege leiaren av den iranske revolusjonen i 1979. Revolusjonen avsette Mohammad Reza Pahlavi, den dåverande sjahen av Iran, og Khomeini styrde landet til han døydde i 1989. Mange ser på Khomeini som ein av dei mektigaste personane i det tjuande århundret, og han vart kåra til Årets mann av Time Magazine i 1979.