Samfunn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit samfunn er ei gruppe individ som lever saman og deler institusjonar og som ofte har ein sams kultur, sams tradisjonar og interesser. I sosiologien nyttar ein omgrepet om eit sosialt system, som kan vera delvis ope eller delvis lukka. Samfunnet står sentralt i samfunnsvitskapane, som sosiologi, historie, økonomi, statsvitskap, antropologi, lingvistikk og psykologi.