Samir Qasir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samir Qasir (1960—2. juni 2005) (arab. سـمـيـر قـصـيـر — òg skrive Samir Kassir) var ein libanesisk-fødd lærar og journalist av kristen bakgrunn. Han underviste ved Universitetet i Paris I: Panthéon-Sorbonne og ved St. Josefsuniversitetet i Beirut. I den libanesiske avisa al-Nahar, der han var førstesidespaltist, såvel som i ymse europeiske media, tala han sterkt for demokrati i Libanon, og han var ein vidkjend kritikar av Syria si rolle i Libanon. Som ein av grunnleggjarane av den demokratiske venstrerørsla i Libanon spela han ei viktig rolle under dei anti-syriske demonstrasjonane etter mordet på tidlegare statsminister Rafiq Hariri. I tillegg gjekk han inn for at dei syriske troppane måtte trekkje seg ut av Libanon.
Samir Qasir vart snikmyrda av ukjende personar med hjelp av ei bilbombe ved heimen sin i den hovudsakleg kristne bydelen Ashrafiyeh i Beirut den 2. juni 2005. Mange i Libanon mistenkjer at syriske sikkerheitsstyrkar kan vera involverte i assasineringa.
Innhaldsliste |
[endre] Verk
[endre] Kjelder
[endre] Wikipedia
[endre] Eksterne kjelder
- «Samir Kassir: Profiles»
- Daily Telegraph: «Anti-Syria journalist killed by car bomb»
- BBC News: «Anti-Syria writer slain in Beirut»
- BBC News: «Hundreds mourn Beirut journalist»
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |