Beirut
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beirut (arabisk: بيروت) er hovudstad, største by og hamneby i Libanon. Beirut har omtrent 1,8 millionar innbyggjarar.
Beirut er ein av dei mest samansette byane i Midt-Austen, med mange etniske og religiøse retningar innanfor byen. Under den libanesiske borgarkrigen vart byen nærast delt mellom det overvegande kristne Aust-Beirut og det muslimske Vest-Beirut.
Namnet Beirut kjem av det fønikiske ordet Beroth som betyr «byen med brunner».
[endre] Historie
Den første gongen Beirut er nemnd er i breva frå Tell el-Amarna frå 1400-talet f. Kr. Han blei teken og rasert av Diodotus Tryfon i 140 f. Kr. då denne kjempa for å få makta i Selevkidriket. Byen blei snart bygd opp att i planmessig hellenistisk stil. Dagens by er bygd oppå den gamle, og arkeologiske undersøkingar har vist at gata Souk Tawile følger kursen til ei gate frå romersk-gresk tid.
Under romarane fekk Beirut eit vidkjend juridisk akademi der mellom anna dei to kjende juristane Papinian og Ulpian underviste. I 533 utnemnde keisar Justinian skulen til ein av dei tre offisielle for rettsvitskap i keisardømet, men etter eit jordskjelv i 551 måtte skulen flytta til Sidon. Beirut var lenge eit viktig handelssenter, men i mellomalderen tok etter kvart Akko mykje av denne rollen.
I 653 blei byen arabisk, medan kristne krossfararar hadde makta frå 1110 til 1291. Beirut blei likevel alltid styrt av lokale drusiske emirar. Ein av desse, Fakr ed-Din Maan II, befesta byen på 1600-talet, men osmanarane tok han tilbake i 1763. Deretter vaks Beirut forbi Akko som handelssenter, men maktkamp og ufred førte til tilbakegang for byen, som fekk eit innbyggjartal på rundt ti tusen.
Etter at Ibrahim Pasha tok Akko og makta i 1832, kunne Beirut igjen veksa i fred. Byen blei syrisk provinshovudstad i 1888, og fekk eit kosmopolittisk preg med påverknad frå Europa og USA såvel som Midtausten. Beirut blei kjend som Midtaustens Paris. Byen blei eit handelssentrum såvel som eit intellektuelt samlingspunkt.
Då Det osmanske riket braut saman etter første verdskrigen, fekk Frankrike herredøme over både Beirut og resten av Libanon. Dei nye styresmaktene favoriserte dei kristne innbyggjarane, noko som førte til spenning mellom dei ulike religiøse folkegruppene. Byen fortsette å tiltrekka seg intellektuelle og turistar fram til borgarkrig braut ut i 1975, då også mange fastbuande flykta. Etter at krigen slutta 1989 arbeidde styresmaktene hardt for å gjera Beirut til eit midtpunkt for kunnskap, kultur, turisme og mote igjen. I 2006 vart byen på nytt utsett for bombing frå fly, i samband med at Israel gjekk inn i Libanon for å kjempa mot Hizbollah.