Samisk parlamentarisk råd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samisk parlamentarisk råd er eit samarbeidsorgan for sametinga i Noreg, Sverige og Finland. Det vart oppretta 2. mars 2000, og sametingspresidenten Sven-Roald Nystø vart vald til den første presidneten for rådet, og presidentskapet for rådet går på omgang sametinga mellom.
Den viktigaste saka for rådet har vore det fellesssamiske språkarbeidet, rådet har ansvaret får den felles samiske språknemda. Andre saker rådet arbeider med er Barentssamarbeidet, Arktisk Råd, Interreg og arbeidet med urfolksspørsmål i FN.