Shetlandsbussen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shetlandsbussen var namnet på ei norsk marineavdeling som under den andre verdskrigen organiserte trafikk med båtar mellom Shetlandsøyane og vestkysten av Noreg. Mennene som var med i "the Shetland bus", som var det engelske namnet, vart kalla "Shetlandsgjengen". Mellom anna Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar og militære forsyningar. I enkelte tilfelle la dei miner og gjorde aksjonar mot tyske skip. I byrjinga av krigen stod avdelingen heilt under britisk kommando, seinare kom òg nordmenn med i leiinga. Avdelinga nytta frå fyrst av nesten utelukkande fiskefarty og nokre få gonger motortorpedobåtar. Då det tyske vakthaldet langs kysten av Noreg vart skjerpa i 1943, fekk Shetlandsgjengen overlate tre mindre amerikanske ubåtjagarar som den norske marine hadde overteke. Namna på desse jagarane vart KNM «Hitra», KNM «Hessa» og KNM «Vigra».
I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar. Ti skøyter med 44 mann gjekk tapt.
Scalloway på Shetland var den viktigaste hamna for Shetlandsbussen.
Ein av dei mest kjende av Shetlandsgjengen var Leif Andreas Larsen (1906-1992) - "Shetlands-Larsen". Då den andre verdskrigen tok slutt var han den høgast dekorerte allierte marineoffiseren.