Sidensvans
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidensvans |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Hann, fotografert av Peter Gerstbach |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Bombycilla garrulus Linné, 1758 |
Sidensvans (Bombycilla garrulus) er ein sporvefugl som finst i det nordlege Europe, Asia og Nord-Amerika. Sidensvansen er ein trekkfugl som overvintrar i Nord-Europa. Fuglane trekk lenger mot sør etterkvart som det vert lite bær og frukt. Derfor varierer det kor langt sør dei dreg.
[endre] Skildring
Sidensvansen er omlag 20 cm lang. Hoa og hannen er omtrent like. Fuglen er raudgrå med svart strupe, eit svart band gjennom augene og gul stjertspiss. Han er lett å kjenne på den høge, raudbrune fjørtoppen på hovudet, gilde raude og gule terningar på vingene og stjerten og fin trillande låt. Han er ein selskapeleg fugl. Flukta er rask, og liknar på staren si.
Lokketonen er kortare eller lengre trille, som ei elektrisk ringeklokke — «ssrrriiii».
[endre] Levesett
Fuglen har reir i tre; av kvistar, mose,skjegglav og strå. Egga er kvitaktige med mørkare punkt og flekkar. Rugetida er på ca.14 dagar. Ungane blir i reiret 15-17 dagar. Hoa og hannen matar med oppgulp. Sidensvansen rugar uregelmessig i furuskogen i Finnmark og sjeldan sørover til Trøndelag, Nordmøre og Hedmark.
I hekketida lever sidensvansen for det meste av insekt. Om vinteren et han bær og frukt.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |