Simen Agdestein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simen Agdestein (fødd 15. mai 1967 i Asker) er ein norsk sjakkspelar. Han vart for fyrste gong noregsmeister i seniorklassen i 1982, som 15-åring, og vart i 1985 utnemnd til internasjonal stormeister i sjakk. Sidan den gongen har han vore rekna som den beste sjakkspelaren i Noreg. Agdestein skriv sjakkspalta i VG.
Agdestein var òg ein dyktig fotballspelar. Han spelte for Lyn, og fekk åtte A-landskampar for Norge før ein kneskade tvang han til å leggje opp.
Simen Agdestein er gift med Marianne Aasen Agdestein, som er personleg sekretær for leiaren av Arbeidarpartiet, Jens Stoltenberg.