Sjakk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjakk er eit brettspel for to spelarar, og er eitt av dei mest utbreidde spela i verda. Det vert spela med 32 brikker på eit kvadratisk brett med 64 ruter. Målet med spelet er å setja kongen til motspelaren i ein slik situasjon at han ikkje kan reddast. Dette blir kalla sjakk matt. Viss ingen av spelarane klarer det, vert spelet remis, eller uavgjort.
Spelet er svært innvikla og er blitt kalla både ein kunst og ein vitskap. Dei mange trekka og moglege utviklingane i spelet er så mange at ikkje ein gong dei beste spelarane kan sjå for seg alle utfalla. Talet på moglege spel er større enn talet på atom i universet.
Innhaldsliste |
[endre] Historie og utvikling
Sjakkspelet kjem opphavleg frå India, der det blei kalla tsjatoranga på sanskrit. Namnet kan omsetjast som «fire hærar», og fire spelarar kjempa om å vinna. Spelet spreidde seg etterkvart til Persia, der det fekk det vestlege namnet sitt frå sjah, som tyder konge. Sjakk skal ha blitt spela for å læra unge adelsmenn krigsstrategi.
Det finst ulike spel i verda som minner om sjakk, der dei mest utbreidde er xiangqi i Kina, shogi i Japan og janggi i Korea. I nyare tid har ein òg prøvd å utvikla spelet i andre retningar, mellom andra ved å endra på brettet, legga til nye brikker, endra flytterglane deira og så bortetter. Døme på dette er rundsjakk og Fischersjakk.
[endre] Speltype
Sjakk er ein «mental kampsport» der spelarane nytter strategiske og taktiske element som spelereglane gjev rom for, og krev derfor bruk av abstrakt deduksjon. Det høyrer til klassa av spel uten tilfeldigheiter og med fullstendig informasjon. Det betyr at i kvar stilling har anten ein av spelarane ein strategi som sikrar vinst, eller så er det mogleg for begge spelarane å tvinge fram remis.
[endre] Speling
[endre] Utstyr
For å kunne spela sjakk treng ein eit sjakkbrett som har 64 ruter med to fargar fordelt på annakvar rute, og 16 brikker for kvar av spelarane, av seks forskjellige slag: ein konge, ei dronning, to tårn, to løparar, to springarar og åtte bønder. Brikkene har òg to fargar, ut frå kva spelar dei høyrer til. Som regel er både brettet og brikkene haldne i svart og kvitt, men det er òg mogleg å bruka andre fargar, særleg på brikkene. Dei lysaste brikkene blir då rekna som kvite.
[endre] Måtar og stader
Sjakk kan spelast privat som ein hobby, og som konkurranseidrett i sjakklubbar, på nasjonale og internasjonale turneringar og i meisterskap. Det kan òg spelast på avstand og over tid, til dømes som korrespondansesjakk gjennom brev eller e-post eller på verdsveven. Det er òg utvikla mange sjakkprogram der ein kan spela sjakk mot ein datamaskin.
Vanlegvis speler bare to motstandarar mot kvarandre, men ein flink spelar kan spela simultansjakk der han møter fleire motstandarar, med kvart sitt sjakkspel, samtidig.
[endre] Gang i spelet
Brikkene blir stilt opp i eit fastsett mønster på kvar side av brettet. Kvar type brikke flyttar på sin måte. Ein av spelarane har kvite brikker, og den andre har svarte. Spelaren med kvite brikker byrjar, og deretter flyttar spelarane annankvar gong, til spelet er over.
Eit parti kan slutte på forskjellige vis:
- Sjakk matt, det vil seie at ein spelar ikkje kan hindre at kongen vert teken i det neste trekket. Han tapar då partiet.
- Ein spelar gir opp.
- Remis (uavgjort).
Om ein spelar med tid, kan partiet òg ende ved at tida til ein av spelarane går ut, slik at han tapar partiet. Partiet vert remis på følgjande måter:
- Ingen av spelarane har nok brikker igjen til å setje den andre sjakk matt.
- Den same stillinga førekjem for tredje gong med den same spelaren i trekket.
- Begge spelarane har gjort femti trekk utan at ei brikke har vorte slått eller en bonde har vorte flytta.
- Patt, som betyr at spelaren som er i trekket ikkje har noko lovleg trekk, men ikkje står i sjakk.
- Spelarane vert enige om at ingen av dei kan vinne partiet.
[endre] Sjakkspelarar
Gjennom tidene har nokre menneske peika seg ut som framifrå sjakkspelarar. I dag er det den som vinn verdsmeisterskapet i sjakk som blir sett på som den beste sjakkspelaren. Før meisterskapet blei innført fantest det personar som uoffisielt blei rekna som meistarar, slik som Philidor, Howard Staunton, Adolf Anderssen og Paul Morphy. Nokre kjende verdsmeistrar er Bobby Fischer, Anatolij Karpov og Garri Kasparov. I Noreg er Magnus Carlsen ein ung og for tida imponerande spelar. Simen Agdestein er ein annan kjent norsk sjakkspelar.
Tradisjonelt har sjakk vore ein mannsdominert idrett, men kvinner deltek no på turneringar, både for begge kjønn og bare for kvinner. Det har aldri vore ein kvinneleg verdsmeister i sjakk, men det er først i nyare tid at kvinnelege spelarar har teke til å gjera seg gjeldande.
[endre] Sjakk i kulturen
Spelet har inspirert og vore skildra i eit utal kunstverk, som musikalen Chess, laga av Tim Rice og ABBA, og balletten Checkmate, komponert av Arthur Bliss.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2005.