Skrautvål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrautvål er ei bygd, eit sokn og ein skulekrins som ligg i Nord-Aurdal kommune i dalen Valdres i Oppland fylke. Bygda har om lag 600 innbyggjarar og strekkjer seg frå Sebufjorden til Stølsviddene kring innsjøen Fullsen. Skrautvål har kyrkje frå slutten av 1700-talet. Det er barneskule og barnehage i bygda. Tidlegare var det også butikkar her. Jordbruk og skogbruk er viktige næringsvegar. Deler av bygdebyen Fagernes var tidlegare ein del av Skrautvål sokn.