Skurtreskar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein skurtreskar er ei maskin som slær, treskar og reinskar korn. Tidlige skurtreskarar vart dregne av ein traktor (slepetreskarar), men i dag er skrurtreskarar utstyrte med eigen motor og er sjølvgåande.
Innhaldsliste |
[endre] Skjerebordet
En skurtreskjar er i fronten utstyrt med eit skjerebord, som har som oppgåve å skjera av kornaksa og føra dei inn i treskjeverket. Aksa vert skorne av med ei knivstong som går over heile breidda på skjerebordet. Kvivstonga er i grove trekk av same type som vert nytta på slåmaskiner, men i standen for glatte knivar vert det som oftast nytta rifla knivar. Knivstonga bevegar seg att og fram med ein frekvens på om lag 500 dobbeltslag per min.
Over knivstonga ligg det ein roterande haspel (kornhaspel), utstyrt med lister som tek tak i aksa og legg dei i same retning inn på skjerebordet. Forutan posisjonen til haspelen er rotasjonsfarten, i høve til kjøyrefarten, med på å avgjera om stråa vert mata inn med aksenden eller rotenden fyrst. I ståande åker er høgda på haspelen stillt slik at listene tek tak i stråa under aksa og periferifarten til haspelen er så stor at loa (dei avskorne stråa) vert langt med aksenden fyrst innover. I kraftig legde (liggande åker) er det ofte naudsynt å stilla haspelen framom og lågare enn knivstonga for å få tak i stråa, noko som fører til at loa verta mata inn med rotenden fyrst. Periferifarten til haspelen må òg vera mindre enn kjøyrefarten når stråa skal matast inn med rotenden fyrst.
På dei fleste skurtreskjarane er skjerebordert mykje breidare enn treskjeverket, så det er naudsynt å føra loa saman til same breidd som loelevatoren, som fører loa inn i treskjeverket. Denne samlinga vert utført av skjerebordskruven, som på europeiske skurtreskjarar er plassert i ein avstand på litt under ein meter frå knivstonga. (I Nordamerika er akslengda ofte kortare enn i Europa og nordamerikanske maskiner har ofte mindre avstand mellom knivstonga og skjerebordskruven.)
For at skjerebordet skal halda rett høgd er det fjærande opphengt, slik at berre ein liten del av vekta (under 50 kg) kviler på åkeren. Den vekta som kviler på åkeren vert teke opp av skinner plasserte under skjerebordet. Nokre moderne skurtreskjarar er utstyrte med meir avansert høgderegulering som er i stand til å halda skjerebordet horisontalt i høve til åkeren sjølv om maskina har ein annan posisjon på grunn av at drivhjula går over ei ujamnheit i åkeren.
[endre] Treskjeapparatet
[endre] Renseverket
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over teknologispirer. |