Slavonski Brod
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Styresmakter | |
---|---|
Land Fylke |
Kroatia Brodsko-Posavska |
Geografi | |
Flatevidd - By |
50,27 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2007) |
61 823 |
Koordinatar | 45°16′″N, 18°01′″E |
Høgd over havet | 96 m |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.sbonline.net |
Slavonski Brod er den sjette største byen i Kroatia med eit folketal rundt 60 000 (2007). Byen vart kalla Marsonia under Romarriket og Brod na Savi i 1244–1934. Byen ligg i området Slavonia, og er senteret i Brodsko-Posavska fylke. Han har òg ei hamn ved elva Sava, og ligg 197 km søraust for Zagreb. Ordet 'Brod' er kroatisk for skip.
Byen Bosanski Brod i Bosnia-Hercegovina ligg på andre sida av Sava.
[endre] Geografi
Byen utvikla seg ved det strategisk viktige kryssingspunktet over elva Sava mot Bosanski Brod i Bosnia-Hercegovina. I dag går motorvegen Zagreb–Lipovac–Beograd (E70, A3) og jarnbanen Zagreb–Vinkovci–Beograd gjennom byen. Ein ny og moderne motorveg er under konstruksjon, den internasjonale gjennomfartsåra 5C, som vil knytte Nord-Europa og Ungarn med Kroatia (Slavonia), Bosnia-Hercegovina og igjen Kroatia (Dalmatia). Denne motorvegen vil gå om lag 16 km frå sentrum av byen. Når denne vegen står ferdig vil Slavonski Brod verte eit av dei store knutepunkta for motorvegane som går nord-sør og aust-vest.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Slavonski Brod frå Engelsk Wikipedia.