Sputnik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sputnik (Спутник (reisefylje)) var namnet på dei 10 fyrste sovtetiske romfarkostane.
Innhaldsliste |
[endre] Sputnik 1
Sputnik 1 (Спутник-1), som vart skoten opp den 4 oktober 1957, var den fyrste kunstige lekamen som omkrinsa jordkloden. Oppgåva til sputnik 1 var å syna at det var mogeleg å plassera ein kunstig lekam i jordbane. Sputnik 1 senna ut eit radiosignal som var fanga opp rundt heile kloden. Sputnik 1 synte at sovjetisk romindustri på denne tida var den som var lengst framme, noko som midt under den kalde krigen førte til brokskjelv i USA.
[endre] Sputnik 2
Sputnik 2 (Спутник-2), som vart skoten opp den 3. november var den fyrste romfarkosten som hadde med ein passasjer. Passasjeren var ein hund som heite Лайка (Lajka).
[endre] Sputnik 3
Sputnik 3 (Спутник-3) vart skoten opp frå Baikonur cosmodrome den 15 mau 1958. Bæreraketten var ein modifisert R-7/SS-6 ICBM. SPutnik 3 var ein forskningssputnik som mellom anna skulle samla data om den øvre atmosfæra, men på grunn av ein feil med bandopptakaren som vart nytta for å lagra data klart ikkje sputnikken å utføra oppgåva si.
[endre] Sputnik 4
Sputnik 4 (Спутник-4), som vart skoten opp den 15. mai 1960, var ein prototype som skulle prøva ut teknologien for å senna folk ut i verdsrommet.
[endre] Sputnik 5
Sputnik 5 (Спутник-5), som vart skoten opp den 19. august 1960, hadde òg med to hundar, Strelka og Belka.
[endre] Sputnik 6
Sputnik 6 (Спутник-6), som vart skoten opp den 1. desember 1960, hadde òg med to hundar, Pchelka og Mushka.
[endre] Sputnik 7
[endre] Sputnik 8
[endre] Sputnik 9
[endre] Sputnik 10
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over teknologispirer. |