Statens Kunstakademi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statens Kunstakademi var ein norsk utdanningsinstitusjon for kunstmålarar og bilethoggarar. Akademiet vart oppretta i 1909 etter vedtak i Stortinget.
Akademiet var den høgste utdanningsinstitusjonen i Noreg for biletkunst. I starten var det tre professorklassar, ein for teikning, ein for måleri og ein for bilethoggarkunst. Målarane Christian Krohg og Halfdan Strøm, og bilethoggar Gunnar Utsond vart tilsett som dei første professorane.
Statens kunstakademi har helde hus i mange ulike bygningar i Oslo og hatt store struktuelle endringar opp gjennom åra. I 1971 vart akademiet høgskule og i dag er tilbodet eit treårig bachelorprogram og eit toårig masterprogram, med fordjuping i måleri, fotografi, skulptur – installasjon – performance, digital kunst og kunstteori.
Sidan 1996 har Statens kunstakademi vore del av Kunsthøgskolen i Oslo. 2005 vart Statens kunstakademi slege saman med Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS) i det nyoppretta Fakultet for Visuell Kunst.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelde
- «Statens Kunstakademi» henta frå bokmålswikipedia 24. juni 2006.