Svenska flaggans dag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svenska flaggans dag er den svenske nasjonaldagen og blir feira den 6. juni. Dagen er til minne om fleire hendingar som var viktige for den svenske nasjonen.
- 1523: Gustav Vasa blei vald til svensk konge og Kalmarunionen blei oppløyst.
- 1654: Karl X Gustav av Sverige tok over trona etter at kusina Kristina av Sverige abdiserte.
- 1809: Ein ny svensk grunnlov gav mykje makt til den svenske ståndsriksdagen då Karl XIII blei konge.
- 1857: Sophia av Nassau gifta seg med den komande kong Oscar II av Sverige og Noreg
- 1974: Ein ny grunnlov gjorde Sverige til eit konstitusjonelt monarki
Dagen blei flaggdag i 1916 og svensk nasjonaldag i 1938. Frå 2005 har han òg vore heilagdag, i staden for pinsedag.