Heilagdag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein heilagdag eller helgedag er i ein dag avsett til gudstenestelege handlingar. Offentlege heilagdagar er i Noreg dagar med lovfesta heilagdagsfred.
Heilagdagsfreden har til formål å
- verne om det gudstenesta
- verne om den allmenne freden på heilagdagane og gje høgtida ro og vørdnad
Heilagdagslovgivinga vernar òg arbeidstakarane sine rettar til å få fri frå arbeid på heilagdagane. Heilagdagsfredning kan òg gjelde innan fiskeri, slik at det er forbode å setje eller trekke fiskereiskap på visse heilagdagar.
Heilagdagslovgivinga gjeld frå midnatt natta før heilagdagen og til klokka 24. Julaftan, påskeaftan og pinseaftan er helgedagsaftnar; då startar heilagdagsfreden klokka 1600. 1. mai og 17. mai er offentlege høgtidsdagar og langt på veg jamstelt med søndagar, men ikke når det gjelder føresegner om kyrkjelege handlingar eller heilagdagsfreden.
Dato | Namn | Merknader |
---|---|---|
1. januar | Nyårdagen | |
Sju dagar før Påskedagen | Palmesøndag | |
Tre dagar før Påskedagen | Skjærtorsdag | |
To dagar før Påskedagen | Langfredag | |
1. søndag etter 1. fullmåne etter vårjamdøgn | Påskedag | |
Dagen etter Påskedagen | Andre påskedag | |
1. mai | Første mai (Internasjonal arbeidardag) | Offentleg høgtidsdag |
17. mai | Grunnlovsdagen | Offentleg høgtidsdag |
40. dagen etter Påskedagen | Kristi himmelfartsdag eller Helgetorsdag | |
50. dagen etter Påskedagen | Pinsedagen | |
51. dagen etter Påskedagen | Andre pinsedag | |
25. desember | Juledagen | |
26. desember | Andre juledag | |
Elles kvar | Søndag | Alle søndagar er heilagdagar etter lova |
Namn | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Fastellavnssøndag | 25. februar | 3. februar | 22. februar | 14. februar | 6. mars | 19. februar | 10. februar | |
Maria bodskapsdag | 25. mars | 9. mars | 22. mars | 21. mars | 27. mars | 25. mars | 17. mars | |
Påskedagen | 8. april | 23. mars | 12. april | 4. april | 24. april | 8. april | 31. mars | |
Kristi himmelfartsdag | 17. mai | 1. mai | 21. mai | 13. mai | 2. juni | 17. mai | 9. mai | |
Pinsedag | 27. mai | 11. mai | 31. mai | 23. mai | 12. juni | 27. mai | 19. mai | |
Bots- og bededag | 28. oktober | 26. oktober | 25. oktober | 31. oktober | 30. oktober | 28. oktober | 27. oktober | |
Helgemessesøndag | 4. november | 2. november | 1. november | 7. november | 6. november | 4. november | 3. november | |
1. søndag i advent | 2. desember | 30. november | 29. november | 28. november | 27. november | 2. desember | 1. desember |
Bakgrunnen for dei kristne heilagdagane er det tredje bodordet om å holde kviledagen heilag. Dei første kristne heldt som jødane den sjuande dagen (laurdagen) som kviledag, i samsvar med tradisjonen frå Det gamle testamentet. Etterkvart byrja dei kristne å feire Jesu oppstode på søndagen, og søndagen tok plassen frå sabbaten som heilagdag. Likevel er det nokre kristne samfunn, mellom dei adventistane, som held på laurdagen som kviledag.
Talet på heilagdagar varierer frå land til land, og det har variert gjennom tidene. Heilagdagane var frå gammalt fastsett i Kristian den femtes norske lov. I Danmark og Noreg vart talet på heilagdagar kraftig redusert frå 1771 gjennom Festdagsreduksjonen. Etter siste krig vart bots- og bededagen flytt til etterfølgjande søndag, og [[[første mai]] vart innført som offentleg høgtidsdag.
[endre] Sjå òg:
- Lov om helligdager og helligdagsfred
- Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager
- Fiske og fangst i sjøen på søn- og helligdager
[endre] Kjelder:
Almanakk for Noreg 2007, Universitetet i Oslo