Sverre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre er eit mannsnavn som hovudsakleg vert nytta i Noreg. Namnet kjem frå norrønt språk, Sverrir, og tyder valdeleg. Ordet kan òg vera i slekt med det moderne norske verbet å svirra.
Sverre har namnedag 9. mars. Det er om lag 10 400 som har Sverre som førenamn i Noreg. Namnet var mest brukt mellom 1900 og 1915, då heile 2 % av norske gutar fekk det som førenamn. I tida etter 1920 gjekk bruken kraftig ned og flata ut på rundt 0,2 % frå om lag 1960.
Innhaldsliste |
[endre] Kjende namneberarar
[endre] Kongelege
- Kong Sverre Sigurdsson av Noreg
- Prins Sverre Magnus av Noreg
[endre] Andre
- Sverre K. Andersen, motstandsmann
- Sverre Brandt, dramatikar
- Sverre Farstad, skøyteløpar
- Sverre Fehn, arkitekt
- Sverre Halvorsen, teiknar og teiknefilmskapar
- Sverre Hassel, polfarar
- Sverre Holm, skodespelar
- Sverre Jervell, diplomat
- Sverre Knudsen, musikar og forfattar
- Sverre Lie, fotballspelar
- Sverre Anker Ousdal, skodespelar
- Sverre Petterssen, meteorolog
- Sverre Walter Rostoft, industrileiar og politikar
[endre] Sverre som etternamn
Sverre er òg eit etternamn som er sjeldan brukt i Noreg:
- Knut Sverre, diplomat
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Sverre hjå Statistisk Sentralbyrå