Tørrdis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tørrdis er eit vêrfenomen i atmosfæren der støv, røyk og andre partiklar fører til dårlegare sikt. Den oppstår når støv- og røykpartiklar samlar seg opp i relativ tørr luft. I vêrsituasjonar der desse partiklane ikkje sprer seg, kan konsentrasjonen bli så stor at dei utgjer ein helsefare. Tett tørrdis årsaka av industriell forrureining vert òg kalla smog.
Kjelder for tørrdispartiklar er trafikk, industri, skogbrannar og andre brannar og jordbruk.
Tørrdis har ofte ein brunaktig farge, medan tåkedis, som består av vassdråpar i lufta, er meir blågråaktig. Medan tørrdis oppstår i relativt tørr luft, vert tåkedis danna i fuktig luft der tørrdispartiklane til og med kan opptre som kondensasjonskjerner for tåkedisdråpane.
[endre] Tørrdis i Søraust-Asia
Tørrdis er eit vanleg problem i Søraust-Asia på grunn av skogbrannar i Indonesia, og då særleg Sumatra og Kalimantan. Desse brannane fører med seg røyk til Brunei, Indonesia, Filippinane, Malaysia, Singapore, Thailand og av og til Guam og Saipan. Dei økonmoiske tapa på grunn av slike brannar vart i 1997 estimert til 50-60 milliardar kroner. Dette inkluderar skadar på jordbruk, skogområde, landområde, helse, transport, turisme og andre område. I oktober 2006 vart Malaysia, Singapore og Malaccastredet råka av tørrdis på grunn av brannar i Indonesia. Sørvestleg vind blas røyken over Malaccastredet.
Som følgje av dette har Association of Southeast Asian Nations (ASEAN) danna ein avtale kalla Regional Haze Action Plan (RHAP) for å varsle og overvake brannar i området.