Dis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dis kan enten vera tåkedis eller tørrdis.
Tåkedis er same fenomen som skodde eller tåke. Men dis er lettare enn skodda, det er færre skydråpar pr kubikk luft, og sikt er over 1000m.
Tørrdis er danna av støvpartiklar, i Noreg ofte når varmluft kjem frå kontinentet. Tørrdis vert også kalla ølrøyk eller moe. Øl her kjem av norrønt (ylr)og tyder varme, så ølrøyk kan omsetjast til varmrøyk. Når den relative råmen er under 70% og det er disig er det truleg tørrdis.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |