TAFE
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tractors and Farm Equipment (TAFE) er ein indisk traktorprodusent. TAFE starte med å produsera Massey Feguson traktorar på lisens i 1961. Dei har òg produsert Perkins (eigd av Massey Ferguson) dieselmotorar på lisens, under namnet Simpsons.
TAFE er ein av dei største traktorprodusentane i India, med over 500 forhandlarar berre i India. TAFE eksporterer òg mykje av produksjonen. AGCO eig 24 % av aksjeane i TAFE og sume av traktorane som TAFE produserer vert selde under andre AGCO-merkenamn (AGCO har kjøpt opp mange traktorprodusentar). TAFE sel både sine eigne òg ande merke under varemerket TAFE. Dei har òg eit samarbeide med den koreanske traktorprodusenten LS Tractors.
I juni 2004 tok TAFE over den indiske traktorprodusenten Eicher, som opphaveleg var eit dotterselskap til den tidlegare tyske traktorprodusenten Eicher. Med dette oppkjøpet hamna dei på 2. plass i den indiske marknaden, som vert rekna som verdens størte traktormarknad.
[endre] Kjelde
[endre] Ekstern lenkje
Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over landbruksspirer. |