New Immissions/Updates:
boundless - educate - edutalab - empatico - es-ebooks - es16 - fr16 - fsfiles - hesperian - solidaria - wikipediaforschools
- wikipediaforschoolses - wikipediaforschoolsfr - wikipediaforschoolspt - worldmap -

See also: Liber Liber - Libro Parlato - Liber Musica  - Manuzio -  Liber Liber ISO Files - Alphabetical Order - Multivolume ZIP Complete Archive - PDF Files - OGG Music Files -

PROJECT GUTENBERG HTML: Volume I - Volume II - Volume III - Volume IV - Volume V - Volume VI - Volume VII - Volume VIII - Volume IX

Ascolta ""Volevo solo fare un audiolibro"" su Spreaker.
CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Traktor - Wikipedia

Traktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjå òg tidsskriftet Traktor
Fig. 1: Ein moderne traktor
Fig. 1: Ein moderne traktor

Ein traktor er eit køyrety som er laga for å drive ulike arbeidsreiskap i jordbruk og skogbruk, og for å dra tunge lass på ujamnt og lite bærekraftig underlag. Hjula har stor diameter og breidd og er utstyrte med mønster utforma for å gje godt feste utan å riva opp overflata. For å auka bereevna og markgrepet er lufttrykket i hjula etter måten lågt. Traktorar går ikkje fort, kraftoverføringa er konstruert med låg utveksling for at dei skal kunne dra tungt.

Ordet traktor kjem frå det latinske ordet trahere som tyder å dra. Eit alternativt opphav er at det er ei samanskriving av dei engelske orda traction og motor. Det kjem av at dei første traktorane vart på engelsk kalla traction engines.

Den fyrste traktoren i Noreg kom til landet i 1908. Det var ein Ivel, av same type som traktoren i Fig. 2. Eigaren var Isach Coldevin på Dønnesgarden, på Dønna, litt nord for Sandnessjøen i Nordland fylke.

Innhaldsliste

[endre] Oppbyggjing

Fig. 2: Traktor (Ivel) med plog frå 1905.
Fig. 2: Traktor (Ivel) med plog frå 1905.

[endre] Motor

Ein traktor er laga for å dra arbeidsreidskap som skal brukast i jordbruket, og motor og kraftoverføring er konstruerte deretter. Ein traktormotor må, i motsetnad til ein bilmotor, tåla at det vert teke ut stor effekt over lang tid. Traktormotorar vert difor kraftigare dimensjonerte og har lågare turtal enn bilmotorar. For at motoren skal få gode seigdragingseigenskapar vert den trimma slik at den har høgt dreiemoment.

Fram til 1950 hadde dei fleste traktorar forgassarmotor eller glødehovudmotor. Forgassarmotorane nytta bensin eller parafin som drivstoff. Parafin var billigare, men førte til at det var meir omstendeleg å starta motoren; det var vanleg å starta dei opp og køyre dei varme på bensin og så kopla over til parafindrift når motoren hadde kome opp i normal arbeidstemperatur. Dei aller fleste forgassarmotorane som vart nytta som traktormotorar var firetaktsmotorar.

Mange europeiske traktorar hadde glødehovudmotorar, òg kalla semidieselmotor, som gjekk på billig råolje. Sylindertoppen hadde ikkje kjøling og drivstoffet var sprøyta inn (rett før stemplet nådde toppen), retta mot den raudglødande sylindertoppen, som var varm nok til å setta i gong forbrenninga. Dette var totaktsmotorar, som trekte inn luft via veivhuset, og som også kunne startast i motsette rotasjonsretning. På nokre traktorar vart denne eigenskapen nytta i staden for reversgir. Om ein kvelte motoren i ein motbakke, slik at den stogga, hendte det at motoren starta i feil rotasjonsretning.

I Tyskland hadde dieselmotoren vore nytta i traktorar frå midten av tjuetalet, men det var fyrst rundt starten av femtitalet at den for alvor vart teken i bruk i andre land. Ein av grunnane til at det tok så lang tid før dieselmotoren slo gjennom er at ein dieselmotor har om lag dobbelt så stor kompresjon som forgassar- og glødehovudmotorar, noko som fører til at trykket i sylinderen og kreftene som verkar på dei bevegelege delane er mykje større enn for forgassar- og glødehovudmotorar. Ein dieselmotor stiller difor større krav til materialkvalitet og toleransar på kritiske delar, noko som fører til at prisen aukar. Ein dieselmotor set òg større krav til kvaliteten på drivstoffet. Ein annan faktor, som ein ikkje skal sjå bort frå, var at kundane var skeptiske på ny teknologi. Mange såg meir på innkjøpsprisen enn på totaløkonomien over heile levetida til traktoren.

Dieselmotoren utnyttar energien i drivstoffet betre enn forgassar- og glødehovud-motorar. Den er driftssiker og har gode seigdragningseigenskapar, spesielt på lågt turtal. Rundt starten av femtitalet hadde utviklinga av dieselmotoren kome så langt at føremonene med betre økonomi og driftsikkerheit overtydde skeptikarane om at dieselmotoren høyrde framtida til. Skiftet til dieselmotor gjekk svært snøgt då det fyrst var kome i gong og etter 1960 hadde så godt som alle traktorar dieselmotor.

[endre] Kraftoverføring

Medan dei fyrste traktorane hadde berre eitt gir i kvar retning (ikkje alle hadde revers) har moderne traktorar ofte fleire titals gir. Dette gjer at motoren kan arbeida med optimalt turtal, uavhengig av køyrefarten. I tillegg til at dette reduserer drivstofforbruket, vert òg slitasjen mindre.

Tidlegare var ikkje girkassen på traktorane synkronisert fordi usynkroniserte girkassar var meire solide og at traktoren som oftast stod i ro ved skifting av gir. Viss ein ville skifta gir i fart var det naudsynt å dobbelklutsja og gje mellomgass ved nedgiring og å dobbelklutsja ved oppgiring. Utover 70-talet vart det meir og meir vanleg med synkronisert girkasse. Det kom òg hydrauliske to-trinns snøggir, som gjorde det muleg å skifta gir utan å nytta koplingspedalen. Desse vart etter kvart utvida til fleire trinn og i dag har nokre traktorar trinnlaus utveksling.

Dei fleste traktorar har ikkje fjøring (sume har fjøring på framakselen), fordi fjøring gjorde traktoren meir teknisk komplisert med fleire delar som kunne ryke. Farten var likevel så låg at fjøring ikkje var naudsynt. Vanleg maksfart på traktorar var 30 km/t, men i dag er det mange traktorar som kjem opp i 40–50 km/t, noko som gjer dei konkurransedyktige med lastebiltransport over korte avstandar. Desse har ofte fjøring på framakselen. Det finst òg nokre (store) traktorar med fjøring, med ein maksimalfart på rundt 80 km/t.

[endre] Hjul

Fram til tidleg på 30-talet hadde alle jordbrukstraktorar jarnhjul med gripesko for å auka markgrepet. Desse var ubehaglege å køyre på veg, så transporttraktorar hadde ofte heilgummidekk. Tidleg på 30-talet vart det utført forsøk med å nytta lyftgummidekk. Allis-Chalmmers var ein pioner på dette området; dei starta å eksperimentera med flydekk. Lanz var òg tidleg ute med luftfylte dekk. I den fyrste tida var kvaliteten på dekka dårleg og det var vanleg at stein og røter punkterte dekka. Men etter kvart vart kvaliteten betre og bruken auka. Under andre verdskrig var det underskot på gummi og det vart vanleg å gå tilbake til jarnhjul att. Men i etterkrigstida vart dei luftfylte hjula snøgt einerådande.

[endre] Hydraulikk

Fig. 3: Trepunktsopphenget på ein moderne traktor (toppstaget er ikkje montert).
Fig. 3: Trepunktsopphenget på ein moderne traktor (toppstaget er ikkje montert).

Traktorar var opphavleg mynta på å dra reiskap, som til dømes ein plog, etter seg, men moderne traktorar er utstyrte med hydraulisk trepunktsoppheng bak, fig. 3 (nokre har og trepunktsoppheng framme). Dette gjer at traktor og reiskap vert ei eining og reiskapen kan lyftast opp ved enden av teigen og ved transport. Så godt som alle moderne traktorar har hydraulisk trepunktsoppheng med automatisk djupnkontroll, som held reiskapen på konstant arbeidsdjupn uavhengig av ujamnheiter i terrenget.

Ein viktig eigenskap ved automatisk djupnkontroll er at det aukar markgrepet. Ved pløying, til dømes, vert plogen justert slik at den søker seg nedover. For å halda konstant arbeidsdjupn lyt, i fylje Newton si tredje lov, den oppoverretta krafta vera like stor som den nedoverretta krafta. Så når plogen vert lyfta opp med ei bestemt kraft vil ei tilsvarande kraft vera retta nedover og trykkja drivhjula hardare mot marka, slik at marktrykkjet og dermed grepet aukar.

Det var iren Harry Ferguson som utvikla trepunktsopphenget og automatisk djupnkontroll og den fyrste traktoren som var utstyrt med systemet var Ferguson Type A, som kom på marknaden i 1933. Ferguson hadde fleire patent på systemet og andre traktorar hadde difor ikkje automatisk djupnkontroll før mot slutten av 50-talet. Eit unnatak var Ford, som ein periode produserte traktorar for Ferguson og som helt fram med å nytta Ferguson-systemet etter at samarbeidet var avslutta. Dette førte til ei lang og kostbar rettssak, som Ferguson vann.

Det hydrauliske systemet vert òg nyttast for å drive eksterne hydrauliske sylindrar og motorar. Tykiske døme er tippsylindrar på tilhengarar, frontlastarar, gripelastarar, og så vidare.

[endre] Kraftuttak

Fig. 4: Overføringsaksel mellom kraftuttaket og reiskapen.
Fig. 4: Overføringsaksel mellom kraftuttaket og reiskapen.

Moderne traktorar har òg eit, eller fleire, kraftuttak, som vert nytta for å driva roterande arbeidsreiskap, som til dømes snøfresarar, gjødselspreiarar, forhaustarar, osb. Dimensjonar og rotasjonshastigheita (540 eller 1000 o/min) er standardiserte.

Overføringsakselen er omslutta av eit stilleståande røyr som skal hindra at til dømes klede festar seg i den roterande akslingen, Fig. 4. Det har likevel skjedd fleire stygge ulykker på grunn av at vernet har vore skadd slik at akslingen har fått tak i laustsittande klede, skjerf, anorakksnorer og liknande. Det er særleg ved endane av akslingen at beskyttelsen kan vera mangelfull.

[endre] Vernebøyle og førarhus

Etter som traktorane vart meir utbreidd vart velteulukker meir vanlege, noko som førte til mange dødsulukker. Det kom difor påbod om at alle nye traktorar skulle vera utstyrte med godkjendte vernebøyler. Sverige var fyrst ute med eit slikt påbod i 1959 og Noreg fylgde etter nokre år etterpå. Dette reduserte desse ulykkene kraftig.

Når traktoren likevel var utstyrt med vernebøyle vart det vanleg å kle inn bøyla slik at føraren var beskytta mot vêr og vind. I starten var innkledninga som oftast primitiv og det var vanleg at ho var laga av seglduk, med plast til vindauge. Men etter kvart vart det vanleg med metallveggar og glas. Både vernebøyler og innkledning vart som oftast produserte av føretak som spesialiserte seg på dette og som tilpassa produkta sine til fleire traktormerke.

Slike hytter gav rimelieg godt vern mot ver og vind, men dei førte òg til at støynivået auka; blikkhyttene fungerte som resonanskammer og forsterka støyen. Det kom difor krav om at lydnivået ikkje skulle overstiga ei viss grense. Sverige var på nytt eit føregangsland og var tidleg ute med påbod om maks støynivå. I 1970 kom den svenske traktorprodusenten Volvo BM med ein ny traktor, T 650, som hadde lydisolert førarhus montert på vibrasjonsdempande feste. Den finske produsenten Valmet var òg tidleg ute med lydisolerte førarhus. Moderne traktorar har komfortable lydisolerte førarhuset, avfjøra sete og ergonomiskt plasserte betjeningsorgan.

[endre] Bruksområde

Dei fyrste traktorane vart fyrst og fremst nytta til pløying og som stasjonærmotorar for til dømes trøskverk. Effekta vart overført via reimskive og flatreim. Dei var utstyrte med jarnhjul og kunne difor ikkje nyttast noko mykje til transportføremål. Plogane som vart nytta var i lang tid slepeplogar, som dei fyrste åra vart drege ettet ein kjetting. Dette var eigentleg bare litt store hestereiskap. Seinare vart plogane kopla til ein trekkbom. Dei fyrste løfteplogane vart produserte samtdig med at Ferguson utvikla og tok patent på det hydrauliske trepunktsopphenget med automatisk djupregulering.

Arbeidsoppgåvene vart etter kvart utvida til mange andre kultiveringsoppgåver, ved at horver, gjødselspreiarar, såmaskiner, osb. vart tilpassa traktorane. Heilt nye arbeidsreiskapar, som til dømes snøfresarar, forhaustarar, vinsjar, og liknande kom til seinare.

Etter kvart var traktorane òg nytta til innhausting. I fyrstninga drog dei hestereiskap etter seg, men etter kvart vart reiskapen tilpassa traktordrift. Etter at det vart vanleg med kraftuttak vart dette nytta til å driva slåmaskiner og sjølvbindarar, òg seinare skurtrøskarar. Etter at det vart vanleg med gummihjul kunne traktorane lettare nyttast til transport på veg, noko som var til svært stor nytte for landbruket.

Mot slutten av førtitalet vart det meir og meir vanleg å nytta traktor til tømmerkøyring. Firehjulsdrift var ikkje vanleg enda, så traktorane som vart nytta til skogsdrift var ofte utstyrte med halvbelter; det svenske firmaet ØSA var ein førgangar på dette området. I ettertid vert femtitalet ofte kalla halvbeltetiåret. Etter at det vart vanleg med firehjulsdrift avtok interessa for halvbelter, firma som til dømes County bygde om traktorar til firehjulsdrift. Utover sekstitalet vart skogstraktorar utstyrte med spesialbygde tilhengarar (sume med drift på tilhengarhjula), vinsj, gripelastar, osb. Slike spesialutrusta skogstraktorar vart opphavet til moderne skogsmaskiner. På dette området låg svenske firma svært langt framme i utviklinga. På grunn av eit meir brattlendt terreng var utviklinga i Noreg annleis enn i Sverige. I dei flatlendte svenske skogane var det skotare (lassberande skogsmaskiner) som passa best, medan det i dei brattlendte norske skogane var mest rasjonelt å nytta vinsj for å samla tømmeret og så slepa det etter traktoren. Denne arbeidsmetoden vert kalla lunning. Etter kvart vart det utvikla spesialbygde lunningsmaskiner.

Samtidig med at traktorar vart tilpassa skogsdrift vart dei òg tekne i bruk innan anleggsarbeid. Fyrst ved at det vart utvikla robuste tilhengarar og seinare ved at desse utvikla seg til moderne dumperar. Hjullastarar vart utvikla på same viser, ved at jordbrukstraktorar vart utstyrte med kraftige frontlastarar. Traktorgravarar såg òg dagens ljos på same måten.

[endre] Noværande traktorprodusentar

[endre] Tidlegare traktorprodusentar

(lista er ikkje komplett)

[endre] Bakgrunnsstoff

  • Jensen, A., Veterantraktorer i Norge, Landbruksforlaget, 2000.
  • Malmström, L., Fordonslära: Traktorer och redskapsbärare, Bokförlaget Natur och Kultur, 1999.
  • Gammeltraktorens Venner
  • Jarnhesten
Wikimedia Commons har ei samling filer som gjeld: Traktor


Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu