Taiwan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om kulturen og geografien til øya Taiwan. For staten som til vanleg er kjend som Taiwan, sjå Republikken Kina.
Taiwan er ei øy som ligg aust for det kinesiske fastlandet i Stillehavet. Ho er òg kjend som Formosa, eller Ilha Formosa, eit namn gjeve henne av portugisiske oppdagarar som tyder «vakker øy».
Taiwan vert styrt av den demokratisk valgte forsamlinga til Republikken Kina. Dette var den same politiske eininga som styrte fastlandskina frå 1912 til 1949.
[endre] Geografi
Taiwansundet skil øya frå fastlandet og har ein breidd på rundt 200 km. Elles har Taiwan kyst mot Austkinahavet i nord, det filippinske havet i aust og Sørkinhavet i sørvest. Dei austlege to tredjedelane er stort sett ulendt fjellandskap, med fem parallelle fjellkjeder som går får nord heilt til sørspissen av øya. I vest er landet flatare, og her bur størsteparten av folka.
[endre] Kultur
Kulturen på øya er ei blanding av kinesiske, japanske og vestlege tradisjonar, medan dei taiwanske urfolka har sin eigen tradisjon. Dei fleste som bur på øya snakkar mandarinspråk, etter at det har vore fremja av regjeringa og brukt som skolespråk i over førti år. Rundt 70 prosent av det taiwanske folket snakkar òg taiwansk, som er ein variant av minnan. Hakkafolket utgjer ein tidel av innbyggjarane på øya og har òg sitt eige språk.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |