Tammerkoski
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tammerkoski | ||
|
||
Utspring | Näsijärvi | |
Munning | Pyhäjärvi | |
Tilknytta land | Finland | |
Renn gjennom | Tammerfors |
Tammerkoski er ei elv som renn gjennom Tammerfors i Finland. Tammerfors er plassert mellom to innsjøar, Näsijärvi og Pyhäjärvi, som er bunde saman av den 2 km lange Tammerkoski. Høgdeskilnaden mellom desse to er 18 meter, og vatnet renn frå Näsijärvi til Pyhäjärvi via Tammerkoski. Elvebreidda er blant dei eldste industriområda i Finland. Det var eit travel torg her på 1600-talet, og Tammerfors vart opphavleg grunnlagd ved elva, sidan Tammerkoski gav industrien mykje av den krafta han trengde.
Det er i dag tre kraftverk og demningar på Tammerkoski.