Kraftverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kraftverk er ei nemning på eit industrianlegg som produserer elektrisitet. Produksjonen skjer ved at forskjellige typar energi vert omgjort til elektrisk straum. Dette kan skje på tre forskjellige vis:
- Mekanisk (kinetisk eller potensiell) energi blir omdanna til elektrisk energi i ein generator. Døme: vasskraftverk, vindkraftverk, bølgekraftverk.
- Varme blir omdanna til mekanisk energi som så blir omdanna til elektrisk energi. Døme: atomkraftverk.
- Spesielle energiformer kan omdannast direkte til elektrisk energi, til dømes eksempel sollys i ei solcelle (solenergi).
I Noreg er over 99 prosent av elektrisitetsproduksjonen vasskraft (SSB 2003), men stadig nye vindkraftverk vert bygd ut. Nokre få gasskraftverk er i planleggingsfasen, og det vert drive utprøving av andre typar kraftverk.
[endre] Ulike typar kraftverk
- Vasskraftverk
- Høgtrykkskraftverk med dammar
- Lågtrykkskraftverk i elvar
- Pumpereservoarkraftverk (kombinert med høgtrykkskraftverk)
- Havkraftverk
- Tidevasskraftverk
- Havstrøymingskraftverk
- Bølgjekraftverk
- Trykkluftreservoarkraftverk
- Konvensjonelle Varmekraftverk
- Med fossile råstoff
- Dampkraftverk drive av kol eller olje
- Gassturbinkraftverk
- Kombinasjonskraftverk
- Kolkraftverk
- Gasskraftverk
- Atomkraftverk med kjernereaktorar
- Med fossile råstoff
- Solkraftverk
- Solcelleanlegg
- Solvarmekraftverk
- Oppvindskraftverk
- Termiske kraftverk som arbeider med fornybar energi
- Biomassekraftverk
- Biogasskraftverk
- Geotermiske kraftverk
Eksperimentelle kraftverk:
- Kjernefusjonsreaktor
- Hav-varmekraftverk
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |