Telenor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telenor er eit norsk teleselskap. Det er ein av dei raskast veksande leverandørane av mobile teletenester i verda. Telenor er også den største leverandøren av fjernsynstenester i Norden. Konsernsjefen i selskapet er
Inntekta til selskapet var i 2005 68,9 milliarder. Ved utgongen av 2005 var 27 600 personar tilsette i Telenor. 16 700 av desse arbeidde utanfor Noreg.
[endre] Historie
Telenor vart opprinneleg stifta i 1855 som Telegrafverket, det skifta namn til Televerket i 1969 og til Telenor i 1994 då verksemda vart omdanna til eit statleg aksjeselskap. Telenor hadde fram til 1998 monopol på teletenester til private kundar i Noreg. I desember 2000 vart Telenor børsnotert. Jon Fredrik Baksaas overtok stillinga som konsernsjef etter Tormod Hermansen 21. juni 2002.
[endre] Marknadsverdi
22. mai 2006 hadde Telenor ein marknadsverdi på 125 milliardar kroner. Aksjar i selskapet vert handla på Oslo Børs under tickeren TEL.