Norden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norden er nemninga på dei skandinaviske landa, Noreg, Sverige og Danmark og dei ikkje-skandinaviske landa Finland (Suomi) og Island. Kanskje kan ein og rekne med dei sjølvstyrde områda Færøyane, Grønland og Åland i somme høve. Sidan dei fleste samane bur i nordiske land, er dei òg ei viktig folkegruppe i området. Til saman bur det rundt 24 millionar menneske i Norden.
Dei nordiske landa har mange felles trekk, såleis har dei blant anna nært beslekta språk, med unntak av fleirtalsmålet i Finland (og Grønland). Dei er alle parlamentariske demokrati, og har alle utvikla ein velferdsstat som skal sikre innbyggjarane mot sosial naud.
Dei nordiske landa samarbeider i det rådgivande organet Nordisk Råd. I 1948 blei det forsøkt å få i stand eit skandinavisk forsvarsforbund, men dette lyktest ikkje på grunn av at sterke krefter i Danmark og Noreg heller ville slutte seg til dei vestlege stormaktene i NATO. Sidan 1949 har Island, Noreg og Danmark vore medlemmer i NATO, mens Sverige og Finland har vore alliansefrie land.
Heller ikkje i høve til EU har dei nordiske landa stått saman, da Danmark, Sverige og Finland har valt å gå inn, mens Island og Noreg har valt å ikkje bli medlemmer av EU. Trass i desse ulike internasjonale organisasjonstilknytingane, er det svært mykje praktisk samarbeid mellom dei nordiske landa, og innbyggjarane føler seg nært knytta til kvarandre, ikkje minst når dei treffest i andre delar av verda.
Motsett "Norden" omfattar omgrepet Skandinavia vanlegvis berre dei tre landa Noreg, Danmark og Sverige, slik omgrepet blir bruka på norsk.
Kategoriar: Geografi | Samfunn | Norden