The Late Show with David Letterman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Late Show with David Letterman, kalla David Letterman-show på norsk, er eit timelangt komi- og prateprogram produsert og leia av David Letterman frå Ed Sullivan-teateret på Broadway i New York. Programmet debuterte 30. august 1993 og vert sendt av CBS i USA og NRK i Noreg. Programmet sin musikkdirektør og leiar av husbandet The CBS Orchestra er Paul Shaffer.
Ifylgje august 2004-utgåva av programmet sitt interne nyhendebrev har The Late Show, i løpet av dei 11 åra, hatt 2264 sendingar, 4082 gjestar og 1668 musikalske opptredenar.
Letterman involverer ofte staben til programmet i sketsjar, blant andre Shaffer, programannonsør Alan Kalter, inspisient Biff Henderson, scenearbeidarane Pat Farmer og Kenny Sheehan, plakatgut Tony Mendez og assistent Stephanie Birkitt.
[endre] Regelmessige segment
- Top Ten List
- CBS Mail Bag
- Stupid Pet Tricks
- Pat & Kenny Read Oprah Transcripts
- Know Your Current Events
- Will It Float?
- Is This Anything?
- Dr. Phil's Words of Wisdom
- Trump or Monkey?
- Dwight the Troubled Teen