Theodor Caspari
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theodor Caspari (1853–12. februar 1948) var ein norsk diktar som på grunn av sin lyrikk om natur og friluftsliv er blitt kalla «fjellpoeten». Han er best kjend for diktet «Norge, mit Norge».
Caspari var fødd i Kristiania som son av den tyske teologiprofessoren Paul Caspari. Han var utdanna lærar og tilsett ved Oslo Katedralskole 1890–1922. Han dreiv òg som kritikar.
Caspari var opptatt av naturen, og bidro gjennom verka sine til at mellom anna Gjende blei verna frå regulering.
Han ga mellom anna ut «Polemiske Sonetter» (1880), «Tidsbilleder» (1883), «Lyrik og Satire» (1887), «Vildanden, et livsbillede fra høifjeldet» (1905) og «Myrmalm, fra norsk natur og folkeliv» (1932).