Thoriumkraftverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thoriumkraftverk er ein type atomkraftverk der thorium vert nytta som brensle i staden for uran. Bruk av thorium i atomkraftverk er framleis på eksperimentstadiet, og har ikkje vorte nytta i stor skala. Nokre forskarar meiner at atomreaktorar som vert drivne av thorium er vesentleg tryggare enn konvensjonelle kjernekraftverk som nyttar uran eller plutonium. Den største skilnaden i høve til eit tradisjonelt kjernekraftverk, er at nøytrona som driv fisjonane i det tradisjonelle kraftverket kjem frå brenselet sjølv, medan nøytrona i den akselleratordrivne Thoriumreaktoren kjem frå ei ekstern kjelde. Bruk av partikkelakselerator skal eliminera risikoen for nedsmelting. Ein Thoriumreaktor skal òg produsera langt mindre radioaktivt avfall samanlikna med ein tradisjonell reaktor. Noreg har verdas fjerde største kjende førekomst av thorium. Fleire har difor kome med framlegg om bygging av eit slikt kraftverk i Noreg.
Det norske selskapet Bergen Energi søkte våren 2006 den norske regjeringa om konsesjon for bygging av eit thoriumkraftverk i Noreg. Søknaden fekk avslag etter kort tid.
I løpet av 2007 skal eit utval nedsett av regjeringa greia ut om bruk av thorium til energiproduksjon.
[endre] Lenkjer ut
- Norsk grunnstoff kan løse kraftkrisen på http://www.apollon.uio.no
- Utvalg skal se nærmere på bruk av thorium til energiproduksjon på http://www.regjeringen.no
- Thoriumkraft bedre enn CO2-rensing på http://www.tu.no
![]() |
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |