Tingstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tingstad er ei nemning på ein stad der det har vorte halde ei tingforsamling, ofte berre kalla Tinget. Fleire stadnamn peiker attende på at ein stad har vore nytta til tingsete. Eit døme er stadnamnet Tinghaug.
Namnet Tynwald på nasjonalforsamlinga på Isle of Man, på same vis som det islandske Þingvellir, er avleia frå norrønt språk 'Þingvǫll'. Tingvoll tyder vollen eller staden der det vart halde ting.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |